torsdag 4. oktober 2007

Dersom ein har hund...

...bør ein ikkje ta bussen. Berre så det er sagt.

Med det ute av verda kan eg berre få beklage for mangel på oppdateringar her på Krakereiret i det siste. Dessverre har skulearbeid truffe meg som eit tonn med murstein og eg har havna litt bakpå. Heldigvis er eg litt asjur igjen no, og kan difor få oppdatert den kjære bloggen min.

(Dessutan såg eg at alle dei andre bloggane eg les har oppdatert seg før min, og derfor kjente eg presset).

Uansett, kva er nytt sidan sist? Vel, eg var på Raptus, teikneseriefestivalen i Bergen denne vekas, saman med Erlend, Rita og David, noko som var utruleg artig. For å vere heilt ærleg må eg innrømme at det artigaste var ikkje å høyre på foredraga eller møte teiknarane, men derimot å tilbringe ei helg saman med gamle vener. Eg fekk den andre Eon-boka signert, men Mads Eriksen hadde ikkje tid til å signere M-boka eg kjøpte (buuu!).

Uansett, no på laurdag reiser eg til Oslo der eg skal overnatte ei natt hjå Ole Kristian, før eg og min fader dreg avgarde til universets sentrum, nemleg metropolen Roma. Det blir ei heilt fantastisk helg, med kunst og kultur frå morgon til kveld. Vent dykk ein stor rapport med både bilete og skildringar når eg kjem heim.

Vi snakkast,
Erlend

"The great Beast is come, devourer of worlds."
-3rd edition Tyranid Codex