tysdag 16. juni 2009

Farvel til Ibsensgate

Dette er siste kvelden min i Ibsensgate. Det er med blanda kjensler at eg no pakkar saman dei aller siste av mine altfor mange ting, noko som er å forvente etter tre år her. På den eine sida har vi den endelause kvininga frå alle ambulansane som skal inn og ut frå sjukehuset og kjensla om å vere totalt isolert frå resten av omverda fordi eg er avhengig av buss for å kome meg nokon stad. På den andre sida har eg mange gode minner frå brettspelkveldar og utallige maleøkter saman med André, John og Lars Olai. (dette høyrast veldig nerdete ut, noko som det er. Det har blitt veldig lite festing i Ibsensgate dei siste tre åra...) Dessutan har det vore kjekt å bu saman med Eirik og Ingar, sjølv om Eirik berre har budd her cirka halve tida.

Men for det meste er eg glad for at eg no skal flytte. Den nye leiligheita ligg rett ved universitetet så busskort skal eg aldri meir kjøpe! Eg har også blitt grundig lei av rommet mitt og resten av leiligheita. Tre år på same plass får jammen halde!

På denne tida i morgon er eg på plass på "fagre" Sunnmøre (meir om dei ironiske hermeteikna i eit seinare innlegg) og har for alvor byrja på ferien min. Vel undt vil eg sei!

Vi snakkast,
-Erlend

torsdag 11. juni 2009

Ferie er for noldusar!

Og kven vil vel vere ein noldus? Ikkje eg iallefall, men det er ikkje så mykje å gjere med det. Eg har ferie no og har hatt det ei god stund eigentleg (kanskje 3 veker allereide?). Likevel har eg ikkje oppdatert Krakereiret ein einaste gong. Det burde jo vere perfekt, eg har hatt tid til å drive med eigne prosjekt, anmelde platar og filmar og andre festlige ting. Men det som har skjedd er at all fritida har forvirra meg, og eg har hatt (kanskje) 3 veker prega av endeslaus keisemd! Ledigang er rota til alt vondt, sa nokon ein gong, og jammen har dei ikkje rett.

Men no blir det andre bollar! Sidan eg ikkje skal jobbe i sommar skal eg prøve å oppdatere bloggen min litt oftare. Kanskje skrive nokre fleire lister eller legge ut nokon bilete? Kven veit?

Ellers har eg no fått ei bachelor-grad i Antikke studiar, noko eg blei grundig gratulert for på Facebook, noko som var koseleg. For tida jobbar eg med å pakke og ventar på å få skrive under på leigekontrakta slik at alle ting er på plass til neste haust. Om litt over ei veke skal dessutan eg, Audun og Pappa på ferietur til Deutschland og lé France. Det gler eg meg veldig til.

Heilt til slutt må eg berre sei at eg er ekstremt lett påverkeleg. Ettter å ha sett igjen Uti vår hage 2 episoda "Noreg über Alles" snakkar og tenkjer eg slik Bård Tufte Johansen snakkar i den episoda. For å vere heilt ærleg blir alt mykje betre då.

Vi snakkast,
-Erlend