måndag 29. januar 2007

The Apocalypse Dudes

I dag skal eg fortelje litt om meg og venane mine. Vi har i dei siste par åra vore ganske så "nerdete", som bermen kallar det, og vore interesserte i fantasy, dataspel og liknande. Ikkje at det plaga oss akkurat, vi dreiv no med det og meir var det ikkje å seie om den saka.

Men du lurer kanskje på kvifor eg har tatt ein Turboneger song som tittel, og grunnen er ikkje at mitt kjære syskenborn Lars nettopp hadde ein bloggpost med ein U2 song som tittel iallefall. Nei, saka er nemlig slik at medan vi framleis gjekk på Ulstein Vidaregåande (ellers kanskje på Herøy? Eg har blitt så glømsk på mine gamle dagar at det er vanskeleg å halde styr lenger). Uansett, det var ein eller annan gong på vidaregåande at eg og tre av mine nærmaste kameratar starta å spele rollespelet "Warhammer Fantasy Roleplay V.1". Når eg nemnar rollespel, så ikkje tenk svarte kle, stearinlys og goth-metal der spelaren må døy når karakteren døyr, men tenk heller på ein gjeng som let fantasien flyte ut over det heile, med ein gamemaster som berre var med for turen sin skuld.

Vi kalla oss "The Apocalypse Dudes", for karakterane våre var eigentleg kun flinke til å lage kaos og ugagn. Gruppa besto av Eirik "Kebab" Ottesen som gamemaster, Arve "P" Pedersen som sterk dverg, Christopher Robin "Chubby" Skuggen som kvinneleg kleptoman hobbit med hårete leggar og meg sjølv som jålete alveadelsmann. Vi var på mange fabelaktige eventyr, der vi redda jomfruer, øydela fleire barar i våre velkjende barsslagsmål og sprang vekk frå alt som var farleg. Etterkvart vart både mannskap og regelsett oppdatert og vi fekk med oss Ingar "Fruity" Heimland som krigsprest med oss på våre eventyr.







Her har vi P, Kraken, Chubby og Fruity medan Kebab ser på med sine argusauge.


Sidan den tid, sjølv om vi har vore spredt litt for alle vindar (iallefall to), har vi alltid hatt tid til å spele litt rollespel inni mellom, noko som har gitt oss alle gode minne.

Gjesteopptrednar har The Apocalypse Dudes også fått, frå blant andre politimannen Ole Martinus "Oiler" Breivik, rottefangaren frå Scheide aka Marius "Spoons" Scheide og Martin "Brennt" Flø, som dessverre vart brennt av ein ildtrollmann for litt sidan.




Her ser du tre av The Apocalypse Dudes sine beste allierte: Spoons, Oiler og Brennt.


The Apocalypse Dudes kjem alltid til å finnast, i ein eller annan form, heilt til vi går inn i mytene si verd. Og eg gler meg allereie.

"Vinner vi over romerne en gang til, er vi fortapte!"
-Pyrrhus, konge av Tarentum.

Vi snakkast,

Erlend

fredag 26. januar 2007

Ein guide til bloggbilete

I følge visse reglar og normer bør ein blogg vere overlessa med bilete. Det er noko alle veit. Og her veit eg at min eigen blogg ikkje held heilt stand. Noko må gjerast, og det kjapt! Eg må skunde meg å legge inn bilete av meg og venene mine, helst i flaue og upassande situasjonar, og med uklår biletkvalitet sjølvsagt. Nærbilete der ein berre ser ei knekkt nase, ei ølflaske og to tanketome auge er også godkjente. Robert viser her korleis ein skal gjere det!

Men det er sjølvsagt ein annan grunn til at ein vil legge opp bilete på bloggen sin, sjølv om det er berre eit fåtal som er så usjølviske at dei gjer det. Nokon vil rett og slett dele ein vakker komposisjon med andre på verdsveven. Dette uvanlege og fascinerande fenomenet er det sjeldan ein får oppleve, vanlegvis skjer det berre ein gong kvart jubelår, men i dag har eg tenkt å dele eit bilete med dykk. Dette biletet til høgre er eit symbol på samhald, venskap og kameraderi til siste blodsdråpe. Biletet, tatt under den siste fotballcupen på Danvik fhs, viser Christian, ein hårete Erlend med tenna på tørk, Liv Karin og Kim frå laget Poetisk Svetlund. Berre sjå på våre fantastiske drakter, laga med gråteip, ein printer og mykje kjærleik. Det beste året i mitt liv er over, og no er det berre å la nedgongen bli så slak som mogleg.


Ellers i det siste har eg hatt mykje å gjere. I dag hadde eg prøve i latin, som gjekk ganske bra. Genetiv er forresten noko sabla herk. Men det verste var at når eg kom heim, fekk eg eit såkalla "østrogensjokk", og satte i gong med å vaske opp, rydde rommet mitt og vaske! Kva er det neste? At eg byrjar å betale rekningar, giftar meg og får 9 til 4 jobb? Eg fryktar det verste.


Eg kjem også til å gjere eit par småendringar på bloggen min. Eg kjem til å avslutte kvar post med eit sitat av ting som eg anten føler at det passar, eller at det berre er morosamt. Eg har også lagt til eit par andre linkar til bloggar skreve av folk eg kjenner.


"You know, I always thought that dogs laid eggs.... And I've learned something today."
-Peter Griffin, Family Guy


Vi snakkast,
Erlend

tysdag 23. januar 2007

Forfattar...eit uegna yrke?

Eg er, som kanskje eit par av dykk veit, ein fyr som skyr ærleg arbeid som pesten. Etter tre månadar med intens sommarjobbing denne sommaren, fekk eg ein frykteleg avsmak på arbeidslivet. Opp tidleg, få pauser (og aldri når eg helst villle ha det) og ikkje minst blir ein ofseleg sliten av det. I det store og det heile var det ei avskrekkande oppleving, som eg heldigvis har lagt bak meg no.

Eller har eg det? I mitt 19. år gjekk eg på fagre Danvik folkehøgskule og lærte meg å føre pennen til eigne og personlege skriverier. Altså, eg lærte meg å bli forfattar. "Men," høyrer eg deg rope, "er ikkje det eit perfekt yrke for ein latsabb som deg?" Og her, kjære lesarar, er det de tek frykteleg feil. Fordi å skrive ei bok er uhorveleg mykje arbeid. Ein må gjere bakgrunnsarbeid (det som på norsk heiter "research"), prøve seg fram med forskjellige formuleringar og ikkje minst få flyt i historia. Dessutan endar du opp med å skrive heile historia fleire gongar for å få det perfekt (på norsk "drafts"). Og ikkje nok med det, når du endeleg er fornøgd med skaparverket ditt og sender det inn til eit forlag, er det mest sannsynkeg at dei kastar det rett tilbake med nye tips (dersom du er heldig) om korleis DEI vil ha den før dei gir den ut. Og når den endeleg er ute, er det ingen som vi kjøpe den, enkelt og greit fordi forfattaren ligg lysår framfor si eiga samtid, og ein endar opp med ein eller annan lærarjobb medan ein ventar på at det umoglege skal skje.

Nei, kjære lesarar, å vere forfattar er eit tungt og utakknemleg yrke. Men spørjemålet er likevel, kvifor gjer eg det? Kvifor slavar eg vekk timesvis med jobbing som eigentleg burde bli brukt til å jobbe med semesteroppgåvene mine? Svaret er et eg må. Gjennom dikta og "romanane" mine (eg brukar ordet laust, sidan eg aldri kjem meg lenger enn første kapittel) til å forstå livet mitt, samfunnet og dei andre menneska rundt meg, og til å bearbeide den traumatiske barndommen min. Eg vil til slutt berre avslutte med eit lite dikt som kanskje kan brukast til å forstå meg betre og som vil vere til god hjelp når ein av dykk skal skrive biografi om meg etter min død.

Infantilisme

Det grunnleggjande gode
Kan vi aldri få att
Vi har vakse frå kreasjonens vugge

Der våra tankar, ord og handlingar
Vart lovprisa av dei over oss

Vårt fall var stort
Men vår vekst vart større


Vi snakkast,
Erlend

måndag 22. januar 2007

Ein rekord i vasken, ein annan i veven

Då var Erlend Håberg på verdsveven igjen, etter eit hårreisande forsøk på msn spaces skal eg no prøve den litt meir stabile og forhåpentlegvis enklare å forstå blogspot. Men tida vil vise. Men først litt om meg sjølv og om kvifor eg har starta denne bloggen. I Håberg-klanen har lenge etterkomerane til min onkel Arne gjort det sterkt med blogging, og no er det opp til meg å representere Helge-sida av klanen.

Litt meir om meg sjølv. Eg er no historiestudent og liksomforfattar som bur i Bergen, der eg bur saman med to andre likesinna (men ikkje likeverdige) fyrar frå det fagre, søre Sunnmøre. Vi delar ei leiligheit med 3 soverom, eit knøttlite bad og eit roterom som kanskje kan gå som eit kjøkken. Her prøvar vi å rydde så lite som mogleg, medan vi ser på America's Funniest Home Videos på TV Norge og høyrer på god, gamaldags metalmusikk frå 70- og 80-talet. Når vi snik oss ut av huset er det vanlegvis for å leike med små plastikksoldatar i ein kjellar i Bergen sentrum. Og slik går no dagane.

No i det siste har Bergen nettopp opplevd noko historisk. Vi har satt rekord med 85 døgn på rad med nedbør, som diverre endte i går med ein dag med kun opplett. Om det er verdsrekord, Noregsrekord, kretsrekord eller noko heilt anna veit eg ikkje, men ein rekord bør nå likevel feirast med sombrero snurrbart. I dag snør det forresten.

Jaja, snakkast sikkert når eg for noko nytt å skrive om.