tysdag 23. januar 2007

Forfattar...eit uegna yrke?

Eg er, som kanskje eit par av dykk veit, ein fyr som skyr ærleg arbeid som pesten. Etter tre månadar med intens sommarjobbing denne sommaren, fekk eg ein frykteleg avsmak på arbeidslivet. Opp tidleg, få pauser (og aldri når eg helst villle ha det) og ikkje minst blir ein ofseleg sliten av det. I det store og det heile var det ei avskrekkande oppleving, som eg heldigvis har lagt bak meg no.

Eller har eg det? I mitt 19. år gjekk eg på fagre Danvik folkehøgskule og lærte meg å føre pennen til eigne og personlege skriverier. Altså, eg lærte meg å bli forfattar. "Men," høyrer eg deg rope, "er ikkje det eit perfekt yrke for ein latsabb som deg?" Og her, kjære lesarar, er det de tek frykteleg feil. Fordi å skrive ei bok er uhorveleg mykje arbeid. Ein må gjere bakgrunnsarbeid (det som på norsk heiter "research"), prøve seg fram med forskjellige formuleringar og ikkje minst få flyt i historia. Dessutan endar du opp med å skrive heile historia fleire gongar for å få det perfekt (på norsk "drafts"). Og ikkje nok med det, når du endeleg er fornøgd med skaparverket ditt og sender det inn til eit forlag, er det mest sannsynkeg at dei kastar det rett tilbake med nye tips (dersom du er heldig) om korleis DEI vil ha den før dei gir den ut. Og når den endeleg er ute, er det ingen som vi kjøpe den, enkelt og greit fordi forfattaren ligg lysår framfor si eiga samtid, og ein endar opp med ein eller annan lærarjobb medan ein ventar på at det umoglege skal skje.

Nei, kjære lesarar, å vere forfattar er eit tungt og utakknemleg yrke. Men spørjemålet er likevel, kvifor gjer eg det? Kvifor slavar eg vekk timesvis med jobbing som eigentleg burde bli brukt til å jobbe med semesteroppgåvene mine? Svaret er et eg må. Gjennom dikta og "romanane" mine (eg brukar ordet laust, sidan eg aldri kjem meg lenger enn første kapittel) til å forstå livet mitt, samfunnet og dei andre menneska rundt meg, og til å bearbeide den traumatiske barndommen min. Eg vil til slutt berre avslutte med eit lite dikt som kanskje kan brukast til å forstå meg betre og som vil vere til god hjelp når ein av dykk skal skrive biografi om meg etter min død.

Infantilisme

Det grunnleggjande gode
Kan vi aldri få att
Vi har vakse frå kreasjonens vugge

Der våra tankar, ord og handlingar
Vart lovprisa av dei over oss

Vårt fall var stort
Men vår vekst vart større


Vi snakkast,
Erlend

1 kommentar:

Obdormio sa...

Det er vitterlig for mykje arbeid å skrive! Eg er sikker på at eg kunne ha produsert ufatteleg mykje bra litteratur om eg berre ikkje var så altfor, altfor lat.

Men berre vent til tanke-til-tekst-teknologien kjem du! Då skal det bli bok frå meg! Om eg framleis lever, då...