torsdag 24. mai 2007

The end of an era

Der var årets første og siste eksamen unnagjort. Min første universitetseksamen og min første eksamen på to år gikk veldig bra. Eg synast at eg fekk vist det eg kunne, og då kan eg vel eigentleg ikkje klage.

Ellers har jo dei siste dagane gått med til mykje lesing, sjølv om eg fekk meg ein flott tur til Førde forrige helg der eg åt kaker. Gode kaker, for den saks skyld. Meir er det vel ikkje å sei om det.

Om litt over ei veke tek arbeidslivet til igjen for meg, noko eg ikkje ser fram til i det heile tatt. Over to månadar med blodslit og ingen ferie. Ja ja, eg har jo ferie resten av året. Uansett så skal det bli artig å kome heim att, sjølv om det neppe vil ta mange vekene før eg er lei av Sunnmøre igjen og vil tilbake til Bergen. Den neste veka skal eg iallefall bruke til å slappe heilt av, noko eg synest vil vere fullt fortent.

Vi snakkast,
Erlend

"Women! There is no time talking about feelings now! We're doing SCIENCE!"
-Ryan North

fredag 18. mai 2007

Historia om korleis Erlend Håberg feira 17. mai

For oss som er tidlegare korpsmusikantar er 17. mai ein problematisk dag. Fordi vi har ikkje minna om is og kaker frå barne- og ungdomstida i vakkert solskinn, men hagl, kulde og eviglange talar. Så det er ikkje så rart at eg har eit heller anstrengt forhold til nasjonaldagen vår.

Difor var det at i året 2007 at jarl Erlend Böse av Sunnmøre, son av kong Helge Storböse, ikkje nytta høvet til å gå i tog og rope hurra, noko som kunne tatt bergensarane fulstendig på senga og gitt jarlen stor ære i augo åt gudane. Men det gadd han ikkje, så han vart heime og las til eksamen og vaska kle...The end.

For dei som hadde ønska å få del to av lista mi so må eg berre beklage. Den er ikkje ferdig enno.

Vi snakkast,
Erlend

"Let it wither on the ground, treat it like a plague you found"
-Bruce Dickinson, Chemical Wedding

måndag 7. mai 2007

Lister: Part 1

Eg har tenkt å gjere noko som min namnebror Erlend Loe populariserte på midten av nittitalet med boka si Naiv. Super, nemleg skrive lister. Dette er del Ein: som er ei liste over det eg har.

1. Sombrero
2. Miniatyrmodellar til ein verdi av fleire titals tusen kroner
3. Studielån
4. Ipod
5. Monty Python boks
6. Venar i nesten alle større byar i Noreg
7. Komplett Iron Maiden cd-samling
8. Fjellsko
9. Romanutkast (dårleg)
10. Lipsyl
11. Eit naivt forhold til døden
12. Signert M-blad
13. Ein rollespelkarakter som manglar venstre fot og høgre arm.
14. Lexicanum-pris etter Winter War IV
15. Ei (for augneblinken) rein leiligheit
16. Eigen blogg
17. Tru på meg sjølv
18. Ei påbegynnt bachelor-grad i Antikke Studier

Der var del ein ferdig. Del to kjem når den er ferdig, ingen vits å setje ein tidsfrist eg ikkje kan halde.

Vi snakkast,
Erlend

"Nothing lasts forever but the certainty of change."
- Bruce Dickinson, Inner Space