torsdag 24. mai 2007

The end of an era

Der var årets første og siste eksamen unnagjort. Min første universitetseksamen og min første eksamen på to år gikk veldig bra. Eg synast at eg fekk vist det eg kunne, og då kan eg vel eigentleg ikkje klage.

Ellers har jo dei siste dagane gått med til mykje lesing, sjølv om eg fekk meg ein flott tur til Førde forrige helg der eg åt kaker. Gode kaker, for den saks skyld. Meir er det vel ikkje å sei om det.

Om litt over ei veke tek arbeidslivet til igjen for meg, noko eg ikkje ser fram til i det heile tatt. Over to månadar med blodslit og ingen ferie. Ja ja, eg har jo ferie resten av året. Uansett så skal det bli artig å kome heim att, sjølv om det neppe vil ta mange vekene før eg er lei av Sunnmøre igjen og vil tilbake til Bergen. Den neste veka skal eg iallefall bruke til å slappe heilt av, noko eg synest vil vere fullt fortent.

Vi snakkast,
Erlend

"Women! There is no time talking about feelings now! We're doing SCIENCE!"
-Ryan North

3 kommentarer:

Loki sa...

ANTV101, right? Misunner deg den, altsaa. Lite anna eg misunner i den tvangstroeya av ei grad du er inne i, men akkurat unnskuldninga for aa ta ANTV101... den misunner eg.

Anonym sa...

Hei! ja, du veit. Ej berre skrive her fordi du skal legge link til sida mi. :)

Anonym sa...

...som ej forresten ikkje e sikker på om kom med. Men ok.
http://ingvil.wordpress.com