fredag 18. mai 2007

Historia om korleis Erlend Håberg feira 17. mai

For oss som er tidlegare korpsmusikantar er 17. mai ein problematisk dag. Fordi vi har ikkje minna om is og kaker frå barne- og ungdomstida i vakkert solskinn, men hagl, kulde og eviglange talar. Så det er ikkje så rart at eg har eit heller anstrengt forhold til nasjonaldagen vår.

Difor var det at i året 2007 at jarl Erlend Böse av Sunnmøre, son av kong Helge Storböse, ikkje nytta høvet til å gå i tog og rope hurra, noko som kunne tatt bergensarane fulstendig på senga og gitt jarlen stor ære i augo åt gudane. Men det gadd han ikkje, så han vart heime og las til eksamen og vaska kle...The end.

For dei som hadde ønska å få del to av lista mi so må eg berre beklage. Den er ikkje ferdig enno.

Vi snakkast,
Erlend

"Let it wither on the ground, treat it like a plague you found"
-Bruce Dickinson, Chemical Wedding

2 kommentarer:

Anonym sa...

Tapetflyndra sat i Tyholttårnet i Trondheim og hadde ein god dag, medan byen sveiv sakte rundt og ikkje ein einaste ulåt slapp inn 74 meter oppe i høgda.

Lars sa...

It's a very nice blog you have. I love Norway and buekorps.