måndag 7. mai 2007

Lister: Part 1

Eg har tenkt å gjere noko som min namnebror Erlend Loe populariserte på midten av nittitalet med boka si Naiv. Super, nemleg skrive lister. Dette er del Ein: som er ei liste over det eg har.

1. Sombrero
2. Miniatyrmodellar til ein verdi av fleire titals tusen kroner
3. Studielån
4. Ipod
5. Monty Python boks
6. Venar i nesten alle større byar i Noreg
7. Komplett Iron Maiden cd-samling
8. Fjellsko
9. Romanutkast (dårleg)
10. Lipsyl
11. Eit naivt forhold til døden
12. Signert M-blad
13. Ein rollespelkarakter som manglar venstre fot og høgre arm.
14. Lexicanum-pris etter Winter War IV
15. Ei (for augneblinken) rein leiligheit
16. Eigen blogg
17. Tru på meg sjølv
18. Ei påbegynnt bachelor-grad i Antikke Studier

Der var del ein ferdig. Del to kjem når den er ferdig, ingen vits å setje ein tidsfrist eg ikkje kan halde.

Vi snakkast,
Erlend

"Nothing lasts forever but the certainty of change."
- Bruce Dickinson, Inner Space

1 kommentar:

Anonym sa...

Suveren liste! Filosofisk djuptloddande. I kvalitet på linje med filosoferingane på www.norskekysten.info der "tremenningsfaren" din faldar seg ut. Men NB; Den sida er det ikkje fort gjort å raske over....
Forslag til neste liste: Bøker/blad som har gjort sterkast inntrykk frå 1986 og fram til no......