torsdag 22. februar 2007

Free the kraken!

Eg las nettopp på vg sine "eminente" nettsider at ein kjempeblekksprut har blitt fanga av Newzealandske fiskerar utanfor Antarktis.

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=155640

Vitskapsmennene kan kalle det ein "Mesonychoteuthis hamiltoni" så mykje dei berre vil, men vi veit vel kva dette eigentleg er, ikkje sant kjære lesarar? Jo, det er ein juvenil krake som har forvilla seg vekk frå reiret åt mor si. Kraken er allereie ein utryddnigstrua dyreart, og slik rovfagst som dette her må ta slutt sporenstreks, ellers vil det få enorme konsekvensar for oss alle her på jorda. Til slutt vil nemleg Stor-Kraken reise seg, og stakkars den som er ute med fiskebåt då!

Uansett, eg stemmer for totalfreding i alle arktiske farvatn (alle veit jo at kraken likar seg best i kalde farvatn, altså rundt nord- og sørpolen), slik at denne unike og fantastiske arten kan halde fram med å fascinere menneskeheita i fleire generasjonar framover.

Vi snakkast,
Erlend

"Nobody expects the Spanish Inquisition!"
-Micheal Palin, Monty Python's Flying Circus

fredag 16. februar 2007

Ave Caesar! Morituri te salutant!

Fancy tittel, ikkje sant? Joda, her i Bergen går no dagane slik dei har gått i det siste: med latin og Monty Python. Eg har no fått sett alle episodene bortsett frå tre frå den store boksa mi. Hipp Hurra (x3) for det!

So anyway, i dag skjedde det noko merkeleg på vei heim frå universitetet. Eg vart stogga av to unge jenter (ikkje så merkeleg det, med tanke på min eminente fysikk og mandige sjarm) som spurte om dei kunne få be for meg. Eg vart litt fortumla med det første, men gikk no med på at det kunne dei berre gjere. Det er jo ikkje dumt å heilgardere seg sann i tilfelle.

Men då eg gjekk derifrå måtte eg tenke meg om. Ser eg ut som ein fyr som er så uansvarleg at folk må be for meg så eg ikkje skadar meg sjølv eller andre? Er eg ein uansvarleg person? Her må det oppvask og personleg sjølvransaking til! Men først, litt meir Monty Python...

Vi snakkast,
Erlend

"Does your wife "go", eyh? Know what I mean? Nudge nudge, wink wink, grin grin, say no more."
-Eric Idle, Monty Python's Flying Circus

søndag 11. februar 2007

And now for something completely different...

A man without any money.

Eg beklagar for manglande oppdateringar her på Krakereiret i det siste, men eg har vore opptatt med to ganske forskjellige ting som har tatt mykje av konsentrasjonen min.

Det første er at Latinen tek meir og meir tid ettersom mars og slutten på Lat 101 nærmar seg. Eg kan sjeldan ta ein ein dag fri frå pugging av gloser og kasus til å skrive i bloggen min. Dessutan er det ny prøve i morgon som har tatt opp mykje av tida mi denne helga.
Den andre tingen er mykje artigare, noko de bør forstå etter å ha sett dette biletet:


Jau, Kraken har kjøpt seg The Complete Monty Python's Flying Circus 16 ton Megaset. Det kosta meg 700 rublar, men er verdt kvar ein einaste penny. 16 dvdar med 45 episodar med Flying Circus pluss 2 dvdar med ekstramateriale (inkludert Live at the Hollywood Bowl og Live at Aspen) gjer at denne boksa er noko av det kjæraste eg eig.


Her ser de Monty Python boksa mi ligge og sove i senga mi (sjølv må eg ta til takke med det skitne golvet mitt).

Det var alt for denne gong. Eg vonar og håpar på at det ikkje blir så lenge til neste oppdatering.

Vi snakkast,
Erlend

"Albatross!"
John Cleese, Monty Python's Flying Circus

søndag 4. februar 2007

Draumar og fantasiar

No har det vore ei aldri så lita stund sidan Krakereiret har vore oppdatert, og eg må berre ta sjølvkritikk for det. Men saka er nemleg slik at eg har ein veldig god grunn: Eg har vore dauden nær! (DUNN DUNN DUNN!) I løpet av dei siste dagane har eg og sjølvaste mannen med ljåen kjempa om mitt framhald på planeten Tellus.

Det heile starta på onsdag formiddag på Sydneshaugen skule. Eg hadde LAT101 og hadde akkurat fått bekrefta at eg hadde stått med glans på den første latinprøva, og eg følte meg i godt slag både psykisk og fysisk. Noko den kosmiske balansen sjølvsagt ikkje kunne la gå ustraffa hen, så han sendte meg likegodt ein influensa frå ragnarok med ein einaste gong. Virkninga kom augeblikkeleg! Mandlane mine este opp (eg trur det var mandlane, men kva veit eg. Eg er ingen doktor), halsen tetta seg igjen og heile rommet rundt meg byrja å spinne. Så det bar rett heim for å slappe av og "bli betre". Merk hermeteiknet, for no kjem det beste.

Den natta sov eg elendig. Først klarte eg ikkje å sove fordi eg kun tenkte på boka eg nettopp hadde lese (Dark Tower-serien av Stephen King), og når eg endeleg fekk sove drøymde eg heile tida. Ingen av desse draumane er viktige, eller er dei draumane eg tenkte på i tittelen, men eg trur dei la opp til det som skjedde etterpå.

For i 6-7 tida på morgonen (eit ikkje-tidspunkt på mi klokke) stod eg forvirra og skremt opp av senga. Eg hadde fått eit syn. Verda helt på å gå under, og det einaste som kunne stogge det, var å gå inn på Eirik sitt rom og vekkje han. Eg vil ha det heilt klart at eg VAR vaken her, og eg gjekk ikkje i søvne. Der stod eg altså, i berre ein boxershorts, og skulle til å opne Eirik si dør. Då kom eg endeleg til meg sjølv forstod eg veldig lite, eg gjekk inn på rommet mitt, skrudde på datamaskina mi og la meg igjen. Den dag i dag lurer eg framleis på kvifor eg måtte vekkje Eirik når verda gjekk under. Sannsynlegvis er grunnen at dersom verda skulle gå under, er det fordi Eirik har gjort noko gale igjen.

Når eg vakna dagen etterpå, vart eg liggjande lenge å tenke på kav i alle dagar som hadde skjedd her. Konklusjonen var at dette måtte vere ein feberfantasi. Eg følte meg med ein gong betre, fordi eg har aldri hatt ein feberfantasi før og det får meg til å føle meg spesiell. Hipp hurra for å vere spesiell!

Eg har også hatt eit par merkeleg draumar i det siste. For eit par dagar sidan drøymte eg at eg var publikum på America's Funniest Home Videos, men alt dei gjorde var å spele Living After Midnight av Judas Priest. Dessutan vart det klart at min Morfar var kongen Vestlandet, og at eg var veldig vikteg i det politiske spelet. Det var veldig merkeleg, men artig óg, ikkje minst fordi eg kunne kommandere folk til å gjere det eg ville. Den andre draumen som eg skal fortelje om hadde eg i natt. Den var nesten eit framhald frå ein draum eg har hatt før. I desse draumane er eg bassist i Iron Maiden (sjølv om folka eg spelar med skiftar mellom Iron Maiden medlemmane, folk frå folkehøgskulen og dei eg spelar warhammer att med) og vi spelar for eit lite og utakknemleg publikum. Av ein eller annan grunn så kan eg å spele bass i desse draumane, faktisk er eg så god at Steve Harris ikkje får spele. Og då føler eg meg spesiell igjen.

Ellers er det lite nytt. Eg har lagt til to nye "bloggar" på lenkjene. Den eine er frå Odne, ein matte- og kjemi-kompis frå vidaregåande, den andre er Sindre, ein splitter pine gal fyr frå Valdres. Og så kjem eg til å bytte om på rekkjefølga på avslutninga mi.

Vi snakkast,
Erlend

"Silence, Man-Horse!"
-Deputy-Director Bullock, American Dad