søndag 4. februar 2007

Draumar og fantasiar

No har det vore ei aldri så lita stund sidan Krakereiret har vore oppdatert, og eg må berre ta sjølvkritikk for det. Men saka er nemleg slik at eg har ein veldig god grunn: Eg har vore dauden nær! (DUNN DUNN DUNN!) I løpet av dei siste dagane har eg og sjølvaste mannen med ljåen kjempa om mitt framhald på planeten Tellus.

Det heile starta på onsdag formiddag på Sydneshaugen skule. Eg hadde LAT101 og hadde akkurat fått bekrefta at eg hadde stått med glans på den første latinprøva, og eg følte meg i godt slag både psykisk og fysisk. Noko den kosmiske balansen sjølvsagt ikkje kunne la gå ustraffa hen, så han sendte meg likegodt ein influensa frå ragnarok med ein einaste gong. Virkninga kom augeblikkeleg! Mandlane mine este opp (eg trur det var mandlane, men kva veit eg. Eg er ingen doktor), halsen tetta seg igjen og heile rommet rundt meg byrja å spinne. Så det bar rett heim for å slappe av og "bli betre". Merk hermeteiknet, for no kjem det beste.

Den natta sov eg elendig. Først klarte eg ikkje å sove fordi eg kun tenkte på boka eg nettopp hadde lese (Dark Tower-serien av Stephen King), og når eg endeleg fekk sove drøymde eg heile tida. Ingen av desse draumane er viktige, eller er dei draumane eg tenkte på i tittelen, men eg trur dei la opp til det som skjedde etterpå.

For i 6-7 tida på morgonen (eit ikkje-tidspunkt på mi klokke) stod eg forvirra og skremt opp av senga. Eg hadde fått eit syn. Verda helt på å gå under, og det einaste som kunne stogge det, var å gå inn på Eirik sitt rom og vekkje han. Eg vil ha det heilt klart at eg VAR vaken her, og eg gjekk ikkje i søvne. Der stod eg altså, i berre ein boxershorts, og skulle til å opne Eirik si dør. Då kom eg endeleg til meg sjølv forstod eg veldig lite, eg gjekk inn på rommet mitt, skrudde på datamaskina mi og la meg igjen. Den dag i dag lurer eg framleis på kvifor eg måtte vekkje Eirik når verda gjekk under. Sannsynlegvis er grunnen at dersom verda skulle gå under, er det fordi Eirik har gjort noko gale igjen.

Når eg vakna dagen etterpå, vart eg liggjande lenge å tenke på kav i alle dagar som hadde skjedd her. Konklusjonen var at dette måtte vere ein feberfantasi. Eg følte meg med ein gong betre, fordi eg har aldri hatt ein feberfantasi før og det får meg til å føle meg spesiell. Hipp hurra for å vere spesiell!

Eg har også hatt eit par merkeleg draumar i det siste. For eit par dagar sidan drøymte eg at eg var publikum på America's Funniest Home Videos, men alt dei gjorde var å spele Living After Midnight av Judas Priest. Dessutan vart det klart at min Morfar var kongen Vestlandet, og at eg var veldig vikteg i det politiske spelet. Det var veldig merkeleg, men artig óg, ikkje minst fordi eg kunne kommandere folk til å gjere det eg ville. Den andre draumen som eg skal fortelje om hadde eg i natt. Den var nesten eit framhald frå ein draum eg har hatt før. I desse draumane er eg bassist i Iron Maiden (sjølv om folka eg spelar med skiftar mellom Iron Maiden medlemmane, folk frå folkehøgskulen og dei eg spelar warhammer att med) og vi spelar for eit lite og utakknemleg publikum. Av ein eller annan grunn så kan eg å spele bass i desse draumane, faktisk er eg så god at Steve Harris ikkje får spele. Og då føler eg meg spesiell igjen.

Ellers er det lite nytt. Eg har lagt til to nye "bloggar" på lenkjene. Den eine er frå Odne, ein matte- og kjemi-kompis frå vidaregåande, den andre er Sindre, ein splitter pine gal fyr frå Valdres. Og så kjem eg til å bytte om på rekkjefølga på avslutninga mi.

Vi snakkast,
Erlend

"Silence, Man-Horse!"
-Deputy-Director Bullock, American Dad

1 kommentar:

Anonym sa...

Å vere sjuk er skikkeleg ekkelt. Men at du har greidd deg utan å sakne mamma tyder på at du er i ferd med å meistre livet, intet mindre. Tenk, ikkje mamma i ein einaste draum!!