torsdag 22. februar 2007

Free the kraken!

Eg las nettopp på vg sine "eminente" nettsider at ein kjempeblekksprut har blitt fanga av Newzealandske fiskerar utanfor Antarktis.

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=155640

Vitskapsmennene kan kalle det ein "Mesonychoteuthis hamiltoni" så mykje dei berre vil, men vi veit vel kva dette eigentleg er, ikkje sant kjære lesarar? Jo, det er ein juvenil krake som har forvilla seg vekk frå reiret åt mor si. Kraken er allereie ein utryddnigstrua dyreart, og slik rovfagst som dette her må ta slutt sporenstreks, ellers vil det få enorme konsekvensar for oss alle her på jorda. Til slutt vil nemleg Stor-Kraken reise seg, og stakkars den som er ute med fiskebåt då!

Uansett, eg stemmer for totalfreding i alle arktiske farvatn (alle veit jo at kraken likar seg best i kalde farvatn, altså rundt nord- og sørpolen), slik at denne unike og fantastiske arten kan halde fram med å fascinere menneskeheita i fleire generasjonar framover.

Vi snakkast,
Erlend

"Nobody expects the Spanish Inquisition!"
-Micheal Palin, Monty Python's Flying Circus

1 kommentar:

Anonym sa...

Likte veldig godt den med juvenil krake. Men for at dette skal nå ut i vidare vitskaplege kretsar må vel kraken få eit latinsk namn? "Kjempeblekkspruten" var visst ca. 500 kg. Kor juvenilt er det? Ser for meg at kraken veks seint, blir kjønnsmoden endå seinare og lever desto lengre.
Og; treng kraken make? Alt anna enn ukjønna formeiring må vere vanskeleg, eller?