fredag 16. februar 2007

Ave Caesar! Morituri te salutant!

Fancy tittel, ikkje sant? Joda, her i Bergen går no dagane slik dei har gått i det siste: med latin og Monty Python. Eg har no fått sett alle episodene bortsett frå tre frå den store boksa mi. Hipp Hurra (x3) for det!

So anyway, i dag skjedde det noko merkeleg på vei heim frå universitetet. Eg vart stogga av to unge jenter (ikkje så merkeleg det, med tanke på min eminente fysikk og mandige sjarm) som spurte om dei kunne få be for meg. Eg vart litt fortumla med det første, men gikk no med på at det kunne dei berre gjere. Det er jo ikkje dumt å heilgardere seg sann i tilfelle.

Men då eg gjekk derifrå måtte eg tenke meg om. Ser eg ut som ein fyr som er så uansvarleg at folk må be for meg så eg ikkje skadar meg sjølv eller andre? Er eg ein uansvarleg person? Her må det oppvask og personleg sjølvransaking til! Men først, litt meir Monty Python...

Vi snakkast,
Erlend

"Does your wife "go", eyh? Know what I mean? Nudge nudge, wink wink, grin grin, say no more."
-Eric Idle, Monty Python's Flying Circus

7 kommentarer:

Obdormio sa...

Det var då merkeleg. Så lite hår som du har no, ser du no direkte respektabel ut.

(usj og fysj)

Erlend sa...

Ikkje sant? Det var det eg óg tenkte!

Anonym sa...

Hehe 2 unge jente ja, va dei 11-12 eller 40-50?

Erlend sa...

Mellom 15 og 17 trur eg, men dei kan ha vore endå eldre.

Hedda sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hedda sa...

tenkte eg berre måtte seie at eg har vore innom bloggen din, visste faktisk ikkje om den før no nettopp, då onkelen din fortalde meg om den. Men artig, det var det.

Og ein ting til: fortel dei deg på det ubrukelege universitetet i Bergen at latin alt er utdøydd, og uansett kor mange studentar dei får, så klarar dei nok ikkje å stable det på beina igjen som eit bruksspråk? Eg berre lurer, for det ville jo vore dumt om du vart ført bak lyset når du først vel å studere eit språk.

Venleg helsing ei som studerer nynorsk.

Erlend sa...

Eg har no eigenlteg ikkje tenkt å studere latin då, men eg må fordi det er obligatorisk, pluss at det er lurt å kunne ptøve seg på originalkjelder på originalspråket. Det var eit keisamt svar, men skitt au.