søndag 11. februar 2007

And now for something completely different...

A man without any money.

Eg beklagar for manglande oppdateringar her på Krakereiret i det siste, men eg har vore opptatt med to ganske forskjellige ting som har tatt mykje av konsentrasjonen min.

Det første er at Latinen tek meir og meir tid ettersom mars og slutten på Lat 101 nærmar seg. Eg kan sjeldan ta ein ein dag fri frå pugging av gloser og kasus til å skrive i bloggen min. Dessutan er det ny prøve i morgon som har tatt opp mykje av tida mi denne helga.
Den andre tingen er mykje artigare, noko de bør forstå etter å ha sett dette biletet:


Jau, Kraken har kjøpt seg The Complete Monty Python's Flying Circus 16 ton Megaset. Det kosta meg 700 rublar, men er verdt kvar ein einaste penny. 16 dvdar med 45 episodar med Flying Circus pluss 2 dvdar med ekstramateriale (inkludert Live at the Hollywood Bowl og Live at Aspen) gjer at denne boksa er noko av det kjæraste eg eig.


Her ser de Monty Python boksa mi ligge og sove i senga mi (sjølv må eg ta til takke med det skitne golvet mitt).

Det var alt for denne gong. Eg vonar og håpar på at det ikkje blir så lenge til neste oppdatering.

Vi snakkast,
Erlend

"Albatross!"
John Cleese, Monty Python's Flying Circus

1 kommentar:

Anonym sa...

Hihi, albatross...!

Erlend, jeg trenger hjelp fra en Bergensbeboer til et stort prosjekt jeg holder på med, vi snakkes på MSN!