fredag 24. august 2007

Welcome back to the land of the living

Velkomen tilbake til sesong 2 av Krakereiret, eller Krakereiret v2.0. Eg kan vel byrje heile sesongen med ei lita forklaring på kvifor dette avbrekket skjedde akkurat denne sommaren. Svaret e enkelt at sidan den verkelege Erlend ikkje har hatt noko som helst slags ferie, så syns eg at den virtuelle Erlend kunne ta seg usle tre månadar fri. Men no er altså både den verkelege og den virtuelle Erlend tilbake på verdsveven.

Eg får starte den nye sesongen med å fortelje litt om kva eg har gjort denne "ferien". Eg har først jobba i fire veker med å klippe gras og male hus, ein jobb eg trivdest godt med, mykje på grunn av det fine veret og mykje godt selskap. Den andre jobben min var litt meir problematisk. Då jobba eg nemleg på ein sjukeheim med gamle og ikkje minst demente menneske, noko som kan vere relativt slitsamt for ei sart gutesjel på berre einogtjue år. Dei seks vekene eg jobba der var nokre av dei mest keisame dagane eg har opplevd, men pengar vart det iallefall av det.

Men det har ikkje berre vore tråkigt denne sumaren. Allereie i den første helga av "ferien" min tok eg turen til Oslo for å delta i Reunion med resten av kullet mitt på folkehøgskulen. Dette var eit hyggeleg møte med venar som eg ikkje hadde sett på over eit år. Flott ver var det også. Det andre artige som skjedde denne sumaren var bursdagen min. Den vart i år feira på Eiksund med brask og bram. Fint ver var det og.

Slik var altså sumaren min. To artige helger og ti veker med konstant slaveri. Men no er eg tilbake i Bergen og ser fram til nye utfordringar og ikkje minst regelmessige oppdateringar her på Krakereiret.

Vi snakkast,
Erlend


Edit: No har ein vaken lesar opplyst meg at eg har hatt tre artige helgar denne sumaren, ikkje berre to. Eg har sjølvsagt gløymt den flotte helga eg hadde då Postgirobygget gjeste Fosnavåg og spelte opp til dans.

"Shhhhhh!"
-Kattekvinnen, Åpen Post

2 kommentarer:

Anonym sa...

Men Erlend då!!

Du he no glømt onder marinerte sommardaga!! Då vi hadde vårt eige hage-kalas på en stein bak rådhuse, attme flyktninga frå jacobsen-huse, å sovande manne me rosa slips! For ikkje å snakke om kæmpingbil-manne, so va spandabel me heimelaga ripsvin!

Erlend sa...

Akk, det hadde eg jammen gløymt! Då var det 3 helger der eg hadde det artig. Takk for det.