fredag 26. januar 2007

Ein guide til bloggbilete

I følge visse reglar og normer bør ein blogg vere overlessa med bilete. Det er noko alle veit. Og her veit eg at min eigen blogg ikkje held heilt stand. Noko må gjerast, og det kjapt! Eg må skunde meg å legge inn bilete av meg og venene mine, helst i flaue og upassande situasjonar, og med uklår biletkvalitet sjølvsagt. Nærbilete der ein berre ser ei knekkt nase, ei ølflaske og to tanketome auge er også godkjente. Robert viser her korleis ein skal gjere det!

Men det er sjølvsagt ein annan grunn til at ein vil legge opp bilete på bloggen sin, sjølv om det er berre eit fåtal som er så usjølviske at dei gjer det. Nokon vil rett og slett dele ein vakker komposisjon med andre på verdsveven. Dette uvanlege og fascinerande fenomenet er det sjeldan ein får oppleve, vanlegvis skjer det berre ein gong kvart jubelår, men i dag har eg tenkt å dele eit bilete med dykk. Dette biletet til høgre er eit symbol på samhald, venskap og kameraderi til siste blodsdråpe. Biletet, tatt under den siste fotballcupen på Danvik fhs, viser Christian, ein hårete Erlend med tenna på tørk, Liv Karin og Kim frå laget Poetisk Svetlund. Berre sjå på våre fantastiske drakter, laga med gråteip, ein printer og mykje kjærleik. Det beste året i mitt liv er over, og no er det berre å la nedgongen bli så slak som mogleg.


Ellers i det siste har eg hatt mykje å gjere. I dag hadde eg prøve i latin, som gjekk ganske bra. Genetiv er forresten noko sabla herk. Men det verste var at når eg kom heim, fekk eg eit såkalla "østrogensjokk", og satte i gong med å vaske opp, rydde rommet mitt og vaske! Kva er det neste? At eg byrjar å betale rekningar, giftar meg og får 9 til 4 jobb? Eg fryktar det verste.


Eg kjem også til å gjere eit par småendringar på bloggen min. Eg kjem til å avslutte kvar post med eit sitat av ting som eg anten føler at det passar, eller at det berre er morosamt. Eg har også lagt til eit par andre linkar til bloggar skreve av folk eg kjenner.


"You know, I always thought that dogs laid eggs.... And I've learned something today."
-Peter Griffin, Family Guy


Vi snakkast,
Erlend

2 kommentarer:

tapetflyndra sa...

Tapetflyndra melder seg. Ei blodsugande loppe, også kalla sengetege, fullstendig anonym for alle andre enn den som blir biten og den som drikk blodet d.v.s. bloggaren og Google!!!
Kjenneteiknet er triple ropeteikn der det andre er ironisk og det tredje varslar ironiens død.
Tapetflyndra fekk sine "15 minutes of fame" i veke 4 i 2007, då avisene kunne fortelje at eit amerikansk millionæradvokatektepar hadde saksøkt eit luksushotell i London for å vere fullt av tapetflyndrer, attpåtil frakta over dammen og invadert millionærane utan innreiseløyve - eit treffande bilde på nissen i cyberspace.
Likninga er slik å forstå: Når forsynet googlar deg på den ytterste dag, vil kraken framleis sove godt? Eller er reiret rømt for tapetflyndrer i hopetal?
Tapetflyndra er sett av få, men merka av mange. Når den søte kløen har gått over til å svi surt, då veit du at ho har vore der!!!
Men tekst-til-tanke-teknologien var ein forlokkande utopi....
Helst ikkje i cyberspace, takk!
Ha ein god dag.
Lev vel.

Lars sa...

viss ein scrollar veldig fort over bildet av deg frå folkehøgskulen ser du ut som viggo mortensen.

veit ikkje om det er bra eller dårlig, men det er no i alle fall slik.

ellers så kan eg slenge på omtrent det eg kan av latin: memento mori, og carpe diem (sjølv om det siste eigentleg er ei såkalla hipp-hopp- gruppe.)