tysdag 16. juni 2009

Farvel til Ibsensgate

Dette er siste kvelden min i Ibsensgate. Det er med blanda kjensler at eg no pakkar saman dei aller siste av mine altfor mange ting, noko som er å forvente etter tre år her. På den eine sida har vi den endelause kvininga frå alle ambulansane som skal inn og ut frå sjukehuset og kjensla om å vere totalt isolert frå resten av omverda fordi eg er avhengig av buss for å kome meg nokon stad. På den andre sida har eg mange gode minner frå brettspelkveldar og utallige maleøkter saman med André, John og Lars Olai. (dette høyrast veldig nerdete ut, noko som det er. Det har blitt veldig lite festing i Ibsensgate dei siste tre åra...) Dessutan har det vore kjekt å bu saman med Eirik og Ingar, sjølv om Eirik berre har budd her cirka halve tida.

Men for det meste er eg glad for at eg no skal flytte. Den nye leiligheita ligg rett ved universitetet så busskort skal eg aldri meir kjøpe! Eg har også blitt grundig lei av rommet mitt og resten av leiligheita. Tre år på same plass får jammen halde!

På denne tida i morgon er eg på plass på "fagre" Sunnmøre (meir om dei ironiske hermeteikna i eit seinare innlegg) og har for alvor byrja på ferien min. Vel undt vil eg sei!

Vi snakkast,
-Erlend

torsdag 11. juni 2009

Ferie er for noldusar!

Og kven vil vel vere ein noldus? Ikkje eg iallefall, men det er ikkje så mykje å gjere med det. Eg har ferie no og har hatt det ei god stund eigentleg (kanskje 3 veker allereide?). Likevel har eg ikkje oppdatert Krakereiret ein einaste gong. Det burde jo vere perfekt, eg har hatt tid til å drive med eigne prosjekt, anmelde platar og filmar og andre festlige ting. Men det som har skjedd er at all fritida har forvirra meg, og eg har hatt (kanskje) 3 veker prega av endeslaus keisemd! Ledigang er rota til alt vondt, sa nokon ein gong, og jammen har dei ikkje rett.

Men no blir det andre bollar! Sidan eg ikkje skal jobbe i sommar skal eg prøve å oppdatere bloggen min litt oftare. Kanskje skrive nokre fleire lister eller legge ut nokon bilete? Kven veit?

Ellers har eg no fått ei bachelor-grad i Antikke studiar, noko eg blei grundig gratulert for på Facebook, noko som var koseleg. For tida jobbar eg med å pakke og ventar på å få skrive under på leigekontrakta slik at alle ting er på plass til neste haust. Om litt over ei veke skal dessutan eg, Audun og Pappa på ferietur til Deutschland og lé France. Det gler eg meg veldig til.

Heilt til slutt må eg berre sei at eg er ekstremt lett påverkeleg. Ettter å ha sett igjen Uti vår hage 2 episoda "Noreg über Alles" snakkar og tenkjer eg slik Bård Tufte Johansen snakkar i den episoda. For å vere heilt ærleg blir alt mykje betre då.

Vi snakkast,
-Erlend

søndag 1. mars 2009

The Joy of Spam

I alle mine år som vandrar på verdsveven har eg aldri vore plaga med store mengder spam (eller søppelpost om du vil) på emailen min. Vi har hatt ei fin forståing eg og spam-skribentane, dersom dei ikkje plagar meg, skal eg ikkje henge dei ut på bloggen min. Som de kanskje sjønar kjære leserar, så har "the trust been broken" så det heiter på bokmål.

I dei siste dagane har nemleg hotmailen min blitt nedrent av søppelpost av ymse slag, først og fremst i noko som ser ut som eit forsøk i å stjele alle pengane mine! Alle som kjenner meg veit at pengar er noko av det kjæraste eg eig, så dette var svært lite populært. Ikkje kan eg gjer stort med det heller, men eg får berre slette alle snuskeste e-postar som kjem seg inn i e-postkassa mi, så går det nok bra.

Eg veit at det er gammalt nytt å klage over spam. Monty Python har gjort det i 40 år. Men folkens, de får ikkje klage. Eg oppdaterar bloggen min no for andre dag på rad, noko som burde vere heilt fantastisk for dykk. Kanskje blir det ny oppdetaring i morgon, kanskje blir den neste i juli. Kven veit?

Vi snakkast,
-Erlend

laurdag 28. februar 2009

Oppdatering!

Her kjem ei lita oppdatering for dei to av dykk som framleis er ineteresserte. Eg har fjerna det forrige innlegget mitt. Grunnen er at dei som vil vite om mine problem veit om det no, og så får resten berre ha det bra.

Ellers har det vore travelt dei siste to semestera, der eg skreiv ei glimrande, men slitsom bacheloroppgåva i fjor. No held eg på med frie studiepoeng og har valt religionsvitskap (gøy) og engels litteratur (ufatteleg keisamt).

Meir hadde eg ikkje å sei eigentleg. Eg reknar med at det kan bli fleire oppdateringar etter kvart, men då må eg få noko skikkeleg å skrive om.

Vi snakkast,
-Erlend

søndag 29. juni 2008

Bæsj! (eller post-traumatisk sinne i aksjon)

Måtte den iberiske halvøya brenne!

søndag 17. februar 2008

Bloggfyll!

Her kjem litt fyll for å fylle tomrommet som har vore på bloggen min i det siste. Den er stjålen frå både Lars og Ingvil sine bloggar. Eg er ikkje skjemd over det.

-Erlend er sur etter KA og S har gått.

-Erlend er skeptisk on Flickr

-Erlend er fornøyd

-Erlend er bærer av en punktmutasjon i et gen som koder for dynein

-Erlend er dum. Erlend er en idiot. Erlend vet ikke forskjellen på en postkasse og en flodhest. Det er Erlend. (som sant skal seiast synest eg at denne var litt vel frekk...)

-Erlend er tøff og kul. (heldigvis!)

-Erlend er ute og leker og Eirin er i barnehagen.

-Erlend er delegat til FNs generalforsamling. (kjempetøft!)

-Erlend er så glad i jobben sin at han stikker innom på fridagene. Erlend har fått jobb i butikk og trives godt med det.

-Erlend er vakker og sjarmerende. (takk Sigrid)

-Erlend er en solid spiller med ferdigheter som gjør ham til en god all-round spiller

-Erlend er vindusdekoratør og homofil (Ikkje så mykje takk til deg Anne B.)

Der! Det var vel morosamt?

Vi snakkast
-Erlend

"Want some candy?"
-The Predator, Predator 2

måndag 17. desember 2007

Orsak!

Hoi, dette var nesten ny personleg rekord i å ikkje skrive i bloggen sin. Eg lova å skrive ein fullstendig og gjennomgåande rapport om turen min til Roma, med både bilete og skildringar, samt tre kilo gull og eit halvt hektar med grøn skog. Det vart det altså ikkje noko av. Det er fleire grunnar til det, først og fremst skule, der eg har hatt to fælslege eksamenar som no endeleg er forbi. Eg har også følt at livet mitt har gått litt i stampe dette semesteret og at ting ikkje har gått sann som det burde gå. Uansett no er eg klar for juleferie og avslapping, noko eg synast eg har fortent, kanskje for første gong her i livet.

Vi snakkast,
Erlend

"Dr. Kelso: In order to save us some time, I shall be calling all the males "Daves" and all the females "Debbies".
Debbie: Debbie is actually my name!
Dr. Kelso: Then in fairness to the others, you will be "Slagathor"."
-Scrubs