torsdag 4. oktober 2007

Dersom ein har hund...

...bør ein ikkje ta bussen. Berre så det er sagt.

Med det ute av verda kan eg berre få beklage for mangel på oppdateringar her på Krakereiret i det siste. Dessverre har skulearbeid truffe meg som eit tonn med murstein og eg har havna litt bakpå. Heldigvis er eg litt asjur igjen no, og kan difor få oppdatert den kjære bloggen min.

(Dessutan såg eg at alle dei andre bloggane eg les har oppdatert seg før min, og derfor kjente eg presset).

Uansett, kva er nytt sidan sist? Vel, eg var på Raptus, teikneseriefestivalen i Bergen denne vekas, saman med Erlend, Rita og David, noko som var utruleg artig. For å vere heilt ærleg må eg innrømme at det artigaste var ikkje å høyre på foredraga eller møte teiknarane, men derimot å tilbringe ei helg saman med gamle vener. Eg fekk den andre Eon-boka signert, men Mads Eriksen hadde ikkje tid til å signere M-boka eg kjøpte (buuu!).

Uansett, no på laurdag reiser eg til Oslo der eg skal overnatte ei natt hjå Ole Kristian, før eg og min fader dreg avgarde til universets sentrum, nemleg metropolen Roma. Det blir ei heilt fantastisk helg, med kunst og kultur frå morgon til kveld. Vent dykk ein stor rapport med både bilete og skildringar når eg kjem heim.

Vi snakkast,
Erlend

"The great Beast is come, devourer of worlds."
-3rd edition Tyranid Codex

torsdag 13. september 2007

Lists: Del Drei

Har det gått to veker allereie sidan forrige innlegg!? Jaja, eg får vel halde fram med mine lister, og i dag er det ei liste over personar som er fantastiske.

1. Robert Llewellyn
2. Jørgen Christian Meyer
3. Harald Eia
4. Erlend Loe
5. Christian S. Valeur
6. Ryan North
7. Bård Tufte Johansen

Det var kanskje den kortaste lista eg har laga, men ei liste over fantastiske personar kan ikkje vere for lang (ein kan eigentleg sjå på denne lisat som ei "best of the best"-liste). Forresten kan de sjå at den ikkje inneheld nokon kvinner. Grunnen til dette er at eg ikkje har så mange kvinnelege idol. Kanskje de lesarar kjem på nokon? I så fall berre legg igjen ein kommentar, og så skal eg sjå på det.

Vi snakkast,
Erlend

CAT: What? Am I the only sane one here? Why don't we drop the defensive shields?
KRYTEN: A superlative suggestion, sir, with just two minor flaws. One, we don't have any defensive shields, and two, we don't have any defensive shields. Now I realise that, technically speaking, that's only one flaw but I thought it was such a big one it was worth mentioning twice.

-Red Dwarf

onsdag 29. august 2007

Lister: Part Deux

Eg tenkte å overraske alle med å publisere ei liste over interressante plassar eg har vore opp gjennom livet mitt.

1. Nissemuseum i Drøbak.
2. Rundebranden.
3. Dinosaurpark i Tyskland.
4. Porto Garibaldi i Italia (x2)
5. Santa Monica Beach i Los Angeles
6. Ewood Park i Blackburn, England
7. Loch Ness i Skottland
8. Austefjorden
9. Hollywood Walk of Fame.
10. Raptus, teikneseriefestivalen i Bergen.
11. San Marino
12. Universal Studios og såg på Jurassic Park-kulissar!
13. St. Peterskyrkja i Roma

Det var det for denne gong. Den neste lista kjem når den er ferdig.

Forresten, nå gjekk det nettopp ein persom utanfor huset mitt, som eg først trudde var ein dverg, men som viste seg å vere ei lita jente. Det var litt skuffande.

Vi snakkast,
Erlend

"Kattekvinnen heter jeg,
jeg er ganske, ganske farlig.
Men viss du klapper pelsen min,
da klorer jeg deg!
Shhhhhh!"
-Kattekvinnen, Åpen Post

fredag 24. august 2007

Welcome back to the land of the living

Velkomen tilbake til sesong 2 av Krakereiret, eller Krakereiret v2.0. Eg kan vel byrje heile sesongen med ei lita forklaring på kvifor dette avbrekket skjedde akkurat denne sommaren. Svaret e enkelt at sidan den verkelege Erlend ikkje har hatt noko som helst slags ferie, så syns eg at den virtuelle Erlend kunne ta seg usle tre månadar fri. Men no er altså både den verkelege og den virtuelle Erlend tilbake på verdsveven.

Eg får starte den nye sesongen med å fortelje litt om kva eg har gjort denne "ferien". Eg har først jobba i fire veker med å klippe gras og male hus, ein jobb eg trivdest godt med, mykje på grunn av det fine veret og mykje godt selskap. Den andre jobben min var litt meir problematisk. Då jobba eg nemleg på ein sjukeheim med gamle og ikkje minst demente menneske, noko som kan vere relativt slitsamt for ei sart gutesjel på berre einogtjue år. Dei seks vekene eg jobba der var nokre av dei mest keisame dagane eg har opplevd, men pengar vart det iallefall av det.

Men det har ikkje berre vore tråkigt denne sumaren. Allereie i den første helga av "ferien" min tok eg turen til Oslo for å delta i Reunion med resten av kullet mitt på folkehøgskulen. Dette var eit hyggeleg møte med venar som eg ikkje hadde sett på over eit år. Flott ver var det også. Det andre artige som skjedde denne sumaren var bursdagen min. Den vart i år feira på Eiksund med brask og bram. Fint ver var det og.

Slik var altså sumaren min. To artige helger og ti veker med konstant slaveri. Men no er eg tilbake i Bergen og ser fram til nye utfordringar og ikkje minst regelmessige oppdateringar her på Krakereiret.

Vi snakkast,
Erlend


Edit: No har ein vaken lesar opplyst meg at eg har hatt tre artige helgar denne sumaren, ikkje berre to. Eg har sjølvsagt gløymt den flotte helga eg hadde då Postgirobygget gjeste Fosnavåg og spelte opp til dans.

"Shhhhhh!"
-Kattekvinnen, Åpen Post

torsdag 24. mai 2007

The end of an era

Der var årets første og siste eksamen unnagjort. Min første universitetseksamen og min første eksamen på to år gikk veldig bra. Eg synast at eg fekk vist det eg kunne, og då kan eg vel eigentleg ikkje klage.

Ellers har jo dei siste dagane gått med til mykje lesing, sjølv om eg fekk meg ein flott tur til Førde forrige helg der eg åt kaker. Gode kaker, for den saks skyld. Meir er det vel ikkje å sei om det.

Om litt over ei veke tek arbeidslivet til igjen for meg, noko eg ikkje ser fram til i det heile tatt. Over to månadar med blodslit og ingen ferie. Ja ja, eg har jo ferie resten av året. Uansett så skal det bli artig å kome heim att, sjølv om det neppe vil ta mange vekene før eg er lei av Sunnmøre igjen og vil tilbake til Bergen. Den neste veka skal eg iallefall bruke til å slappe heilt av, noko eg synest vil vere fullt fortent.

Vi snakkast,
Erlend

"Women! There is no time talking about feelings now! We're doing SCIENCE!"
-Ryan North

fredag 18. mai 2007

Historia om korleis Erlend Håberg feira 17. mai

For oss som er tidlegare korpsmusikantar er 17. mai ein problematisk dag. Fordi vi har ikkje minna om is og kaker frå barne- og ungdomstida i vakkert solskinn, men hagl, kulde og eviglange talar. Så det er ikkje så rart at eg har eit heller anstrengt forhold til nasjonaldagen vår.

Difor var det at i året 2007 at jarl Erlend Böse av Sunnmøre, son av kong Helge Storböse, ikkje nytta høvet til å gå i tog og rope hurra, noko som kunne tatt bergensarane fulstendig på senga og gitt jarlen stor ære i augo åt gudane. Men det gadd han ikkje, så han vart heime og las til eksamen og vaska kle...The end.

For dei som hadde ønska å få del to av lista mi so må eg berre beklage. Den er ikkje ferdig enno.

Vi snakkast,
Erlend

"Let it wither on the ground, treat it like a plague you found"
-Bruce Dickinson, Chemical Wedding

måndag 7. mai 2007

Lister: Part 1

Eg har tenkt å gjere noko som min namnebror Erlend Loe populariserte på midten av nittitalet med boka si Naiv. Super, nemleg skrive lister. Dette er del Ein: som er ei liste over det eg har.

1. Sombrero
2. Miniatyrmodellar til ein verdi av fleire titals tusen kroner
3. Studielån
4. Ipod
5. Monty Python boks
6. Venar i nesten alle større byar i Noreg
7. Komplett Iron Maiden cd-samling
8. Fjellsko
9. Romanutkast (dårleg)
10. Lipsyl
11. Eit naivt forhold til døden
12. Signert M-blad
13. Ein rollespelkarakter som manglar venstre fot og høgre arm.
14. Lexicanum-pris etter Winter War IV
15. Ei (for augneblinken) rein leiligheit
16. Eigen blogg
17. Tru på meg sjølv
18. Ei påbegynnt bachelor-grad i Antikke Studier

Der var del ein ferdig. Del to kjem når den er ferdig, ingen vits å setje ein tidsfrist eg ikkje kan halde.

Vi snakkast,
Erlend

"Nothing lasts forever but the certainty of change."
- Bruce Dickinson, Inner Space